Studieforberedende/studiespesialisering

Samen skaper me framtidas kompetanse

Åkrehamn vidaregåande skole er en videregående skole med fire yrkesfaglige studieretninger og en studieforberedene.

Skolen ligger midt i Åkrehamn som er en del av Karmøy kommune. I dag er det ca. 530 elever på skolen, fordelt på 40 klasser/grupper.

Å skape kompetanse er ikkje eit arbeid for ein enkelt person. Å skapa kompetanse handlar om eit fellesskap og eit samarbeid. Framtida til regionen og Noreg er avhengig av maksimalt dyktige fagarbeidarar. Skal dei skapast er det mange som må bidra saman. Fyrst og fremst handlar det om den enkelte framtidige fagarbeidaren som treng eit stort nettverk med rettleiarar som kan sørgje for at ho meistrar noko nytt og lærar effektivt kvar dag. Desse rettleiarane er medelevar, lærarar, rådgjevarar, leiarar, opplæringskontor, instruktørar i bedrifter og fleire. Alle skjønar at det er naudsynt med tett samarbeid om planlegging, læring og resultat. Alle har same målsetting om maksimalt læringsutbytte for kvar enkelt gjennom fire år.

Maksimalt læringsutbytte for kvar enkelt elev tyder at di læring må vera i fokus heile tida. Me skal saman finna ut kva kompetanse du har innanfor dei ulike fagområda, så skal me rettleia deg frå det utgangspunktet mot eit tydeleg mål som akkurat du kan meistre. Me skal når du har nådd det målet vera med deg å setja nye mål. Undervegs i prosessane skal du kjenne til kva som er kriteria for at målet vert nådd og me skal i felleskap ha høge forventningar til at akkurat du skal nå måla dine.

Skolens utdanningsprogram er følgende:

- Bygg og anleggsteknikk
- Elektro
- Helse- og oppvekstfag
- Service og Samferdsel
- Teknikk og industriell produksjon
- Tilrettelagt opplæring