Studieforberedende/studiespesialisering

Velkommen til Bryne vidaregåande skule

Bryne vgs er ein av dei største vidaregåande skulane i landet med 1 550 elevplassar og 280 tilsette. Vi held til i nye skulebygg berre 200 meter frå togstasjonen på Bryne, med moderne og godt utstyrte spesialrom og verkstader til dei ulike programområda.

Kva kan du som elev forvente av BVGS:

- Du får en god plan for opplæringa di i eit trygt miljø.
- Du får tilpassa opplæring med dyktige lærarar som har gode relasjonar til elevane.
- Du får tydelege vurderingar og er med på å vurdera eiga læring.
- Du blir møtt med respekt, venlegheit og tydelege krav frå alle tilsette.
- Du får kompetanse som er relevant for vidare skulegang og for deltaking i samfunn og arbeidsliv.

Vi har følgande Utdanningstilbod:

Yrkesfaglege programområde
- Bygg- og anleggsteknikk
- Helse- og oppvekstfag
- Restaurant- og matfag
- Service og samferdsel
- Teknikk og industriell produksjon

Studieførebuande programområde
- Idrettsfag
- Studiespesialiserande
- Medier og kommunikasjon

Vi tilbyr også tilrettelagt opplæring og påbygging til generell studiekompetanse.

Bryne vidaregåande skule
Hetlandsgata 27, 4344 Bryne
Telefon: 51 92 31 00
E-post: bryne-vgs@skole.rogfk.no
Nett: www.bryne.vgs.no