Naturbruk

Verner om havets ressurser

Fiskeridirektoratet er myndighetenes fremste rådgivende og utøvende organ innen fiskeriforvaltningen i Norge. 

Ina Giil Solheim 30 år, inspektør :

– Eg er engasjert i korleis vi forvaltar matressursane våre, på ei jordklode der det stadig blir fleire munnar å mette. Ein må sjå til at fiskeria blir dreve på ein berekraftig måte slik at dei komande generasjonane også kan hauste av dei same ressursane. Jobben min som inspektør går ut på å kontrollere uttaket av dei viltlevande marine ressursane i havet, som for eksempel sild, makrell, torsk, hummer og lodde. Som inspektør jobbar ein tett på næringa og er mykje ute i felten på kontroll, både på fiskemottak, fartøy og på sjøen. Eg søkte på jobben i Fiskeridirektoratet fordi eg ville vere med å gjere ein forskjell og å bekjempe miljøkriminalitet.

– Eg tok utdanninga mi ved Universitetet i Bergen, der eg tok ein bachelor i miljø- og ressursfag. Seinare har eg også teke etterutdanning i kystsoneforvaltning ved Universitetet i Nordland.

Kristina Velure 32 år, rådgiver :

– Eg er utdanna på Høgskulen i Bergen, der eg tok bachelor i Havbruksteknologi. Praksisen og hovudoppgåva tok eg på ein forskningsstasjon i Sør-Frankrike. Eg vart uteksaminert i 2009 og fekk jobb i Fiskeridirektoratet i 2010.

– Tidligare har eg blant anna jobba med oljevernberedskap, nokon som resulterte i at eg vart svært opptekjen av å verne om miljøet til havs. Eg søkte difor jobb i Fiskeridirektoratet for å kunne bidra til å skape eit betre miljø for dei organismar som lever i havet.

– No jobbar eg som rådgivar på avdeling for Akvakultur i Fiskeridirektoratet region vest i Bergen. Det innebær at eg er mykje ute på tekniske inspeksjonar og revisjonar på oppdrettsanlegg. Jobben eg gjer er svært viktig fordi den m.a. er med på å hindre at fisk rømmer frå oppdrettsanlegga og blandar seg med villaksen.