Studieforberedende/studiespesialisering

Vidaregående i vakre Hardanger

Er du interessert i toppidrett fotball, breiddeidrett fotball, spektakulært friluftsliv og studiespesialisering – i eit godt og kreativt miljø? Då kan Framnes kristne vidaregåande skule vera noko for deg!

Framnes KVGS er ein av dei største internatskulane i landet, og ligg på ei idyllisk halvøy i den vakre Hardangerfjorden nær regionsenteret Norheimsund i Hardanger, ikkje langt frå Bergen.

Kreativ og aktiv fritid. Skulen har mellom anna dobbel sandvolleyballbane og kanoar/kajakkar. Kombinert med spektakulær hardangernatur og eit aktivt kulturliv i kommunen ligg alt godt til rette for ei aktiv fritid. Skulen har også tilsett fleire miljøarbeidarar, som skapar mykje aktivitet.

Ny idrettshall. Skulen har ny idrettshall. Framnes Arena, som vart innvigd 16. juni i 2017, har mellom anna fotballbane med krøllgras (om lag 27 m x 36 m) og full handballbane med parkett. I tillegg er det stort og godt utstyrt styrkerom i hallen, kjøkken, flott garderobeanlegg og undervisningsrom med nydeleg utsikt.

Stolt historie. Frå 1897 og heilt fram til midten av 1990-talet var Framnes ein folkehøgskule. Sidan omlegginga har skulen vore ein vidaregåande skule med internat.

Skulen vert driven av Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden.

Enquete

1. Kvifor søkte du deg til Framnes KVGS?

2. Kva er det beste med Framnes?

Anders Emil Midtgård Matre (18) | Matre i Masfjorden | VG3, idrett

1. Medan eg gjekk på ungdomskulen, vitja eg bror min som då gjekk på Framnes. Eg vart overvelda av dei imøtekommande smila, og miljøet verka svært godt. Eit godt skuletilbod, utruleg vakker plassering, og eit innbydande miljø gjorde at eg søkte.

2. Det eg likar best med Framnes er kjensla av at alle kjenner alle. Det er lite skilje mellom trinna, og ein kan slå av ein prat med dei ein har rundt seg. Elevane inkluderer einannan og samhaldet er godt. Eg vågar å seia at miljøet her er heilt unikt!

Malin Haughom (17) | Øksnes i Vesterålen | VG2,  idrett

1. Først og fremst fordi det er ein kristen internatskule med idrettsline. Men eg hadde også høyrt veldig mykje bra om skulen frå venner og familiemedlemmer som har gått eller går på Framnes. Eg har ein bror som går siste året på Framnes, han hadde stor innverknad på skulevalet. På ungdomskulen sakna eg eit større miljø, difor var Framnes freistande.

2. Fellesskapet! Folk er snille og støttar kvarandre, og ein kan vera seg sjølv. Eg har fått mange gode og solide venner. Elles synes eg det er en utruleg bra skule. Morgonsamlingane er veldig koselige!

Marie Bø (18) | Asker  | VG3,  studiespesialisering

1. Fordi eg ville å prøva korleis det var å gå på internatskule, og så hadde eg høyrt mykje godt om miljøet her! I tillegg har eg slekt i Vikøy, der skulen ligg.

2. Det beste med Framnes er det gode miljøet og alle dei bra folka. Internatlivet og den vakre naturen er også store plussfaktorar.

Framnes kvgs – ein skule for fellesskap, framtid og vekst

Framnes er ein av dei største internatskulane i landet, og ligg på ei idyllisk halvøy i den vakre Hardangerfjorden, nær regionsenteret Norheimsund i Kvam kommune. Kjøretida til Bergen er berre litt over ein time. Skulen har om lag 270 elevar. 230 av desse bur på internatet. Elevane kjem frå heile landet.

Framnes tilbyr studieførebuande utdanningsprogram:

1. Idrettsfag: Her kan ein velja mellom programfaga toppidrett fotball, toppidrett eigen idrett (ta kontakt med skulen), breiddeidrett fotball, friluftsliv og breiddeidrett ski og volleyball.

2. Studiespesialisering: Her kan ein velja mellom dei to programområda realfag (matte, fysikk, kjemi og biologi), og språk, samfunnsfag og økonomi (engelsk, media og informasjonskunnskap, sosiologi, sosialkunnskap og psykologi).

I tillegg kan ein velja eitt programfag frå idrettsfag: fotball eller friluftsliv.

Framandspråk: Tysk og spansk.

Alle utdanningsprogramma våre fører fram til eksamen som gjev studiekompetanse.

Vanleg søknadsfrist: 1. mars.