Leve, bo og jobbe

Oppdag skattekista Sogn og Fjordane

Du er nyutdanna. År med studium er historie, og det er tid for å teste lærdommen i praksis. Kva karrierestige vel du?

Kvart år i desember lyser Framtidsfylket ut årets traineestillingar. Verksemder på tvers av geografi og bransje går saman om å gje nyutdanna den beste starten på karrieren gjennom skreddarsydde stillingar og personleg oppfølging.

Totalt har 180 traineear vore gjennom programmet sidan oppstarten i 2004. I 2018 kom det inn heile 1 000 søknader på dei 32 utlyste traineestillingane. 75 prosent av søkjarane kom utanfrå Sogn og Fjordane. Christian Albertsen frå Tromsø hadde aldri vore i fylket før han fekk jobb som trainee i NHO i Florø.

– Før eg kom hit, visste eg ingenting om kva mulegheiter som var her.  Eg hadde nok den same oppfatninga som mange utanfrå fylket har – at her er flott natur, tradisjonsrikt, men eg visste lite om næringslivet. Og det er kanskje det eg er blitt mest positivt overraska over. Etter traineeåret ser eg mulegheiter overalt. Spennande arbeidsplassar og enorme mulegheiter for gründerskap og framtidsretta næringar, seier Christian.

Dei skjulte skattane i næringslivet overraskar alltid. Er ein flink, blir ein lett lagt merke til i eit gjennomsiktig næringsliv.
– Eg trur at det største forskjellen på å starte karrieren i Sogn og Fjordane kontra i ein storby, er at ein i mykje større grad blir sett. Man får raskt ansvar, det er kort veg til beslutningstakarane og ein treng ikkje ha så spisse olbogar for å kome seg opp og fram, seier Christian.

Traineeane vert tilsett for eitt år. I løpet av året er det fire traineesamlingar i ulike delar av Sogn og Fjordane. Bedriftsbesøk, eigenutvikling og nettverksbygging står sentralt i programmet, i tillegg til friluftsliv og teambuilding.

Lill Midthjell begynte karrieren sin som trainee i Melin Medical, og er no fast tilsett i den veksande gründerverksemda på Sandane.

– Året som trainee var ekstremt variert med mange spennande arbeidsoppgåver. Ein får vere med på mykje som ein «normal» arbeidstakar ikkje får ta del i. Eg var innom fleire avdelingar i Melin, eg var i Boston saman med dagleg leiar, og eg fekk stadig nye utfordringar, ansvar og tillit. I tillegg fekk eg eit viktig nettverk med dei andre traineeane, fortel Lill.

Dei siste åra har interessa for traineeprogrammet eksplodert. Både Lill og Christian håpar mange nyttar sjansen til å få ein heilt spesiell start på sine karrierar.

– Å vere trainee er ein fantastisk inngang til arbeidslivet. Ein får ein spennande jobb, god oppfølging og eit fantastisk nettverk. Kort oppsummert - lærerikt, utfordrande og veldig gøy. Eg kan anbefale det på det sterkaste, seier Lill.

Framtidsfylket er eigd av- og jobbar for næringslivet i Sogn og Fjordane. Vår oppgåve er å vise fram arbeidsplassane fylket har å by på og vere ein felles rekruttering- og kommunikasjonsplatform.

Framtidsfylket Trainee tilbyr nyutdanna ein fagleg utfordrande jobb i Sogn og Fjordane. Ordninga er fylkesdekkande med arbeidsgjevarar frå ulike fagfelt i både privat og offentleg sektor. Søkjarane må ha bachelor eller masterutdanning og maksismalt tre års arbeidserfaring. Årleg søknadsfrist er medio mars.

Finn din neste jobb på vår nettside www.framtidsfylket.no. Her kan du finne ledige stillingar, registrere CV, få tips om stillingar som passar for deg, og bli oppdaga av arbeidsgjevarar som nyttar Framtidsfylket til rekruttering.

Framtidsfylket AS
Naustdalsvegen 1B, 6803 Førde

Telefon: 990 17 852

E-post: post@framtidsfylket.no

Nett: www.framtidsfylket.no