Elektrofag

Høgt og lågt i Mørenett

Mørenett eig og byggjer kraftnettet på Sunnmøre, og sikrar at straumen kjem fram dit den skal. Mørenett har 50 energimontørar med dette som hovudoppgåve, og Marine Halse er ein av dei. – I Mørenett er ikkje to dagar like. Her får eg både utfordringar og ansvar, og i tillegg har vi det veldig kjekt på jobb, forteller lærlingen Marine.

Marine starta som energimontørlærling i Mørenett hausten 2016. 21-åringen frå Ørsta fortel at jobben som energimontør passar ho godt.

– Eg har aldri hatt lyst på ein kontorjobb, forklarar ho.

Energimontørar jobbar med montering, drift og vedlikehald av straumnettet. Eit yrke som energimontør betyr allsidige dagar, stor fridomskjensle og både fysiske og praktiske utfordringar. Det blir stilt strenge krav til både utdanning og tryggleik, samstundes som det er viktig å vere kreativ og kunne improvisere. Evna til å omstille seg, både til ny teknologi og nye oppgåver, er også kjenneteikn ved energimontørane i Mørenett.

Best å klatre

Det er ikkje lett å beskrive ein typisk arbeidsdag som energimontør. Oppgåvene er varierte, og arbeidet er både ute og inne.

– Vi som er lærlingar får vere med på det meste av arbeid, både høgspent- og lågspent, kabel, linje, grøftearbeid, feilsøking, nyanlegg og vedlikehald, forklarar Marine, og fortel at stolpeklatring er det ho likar best å halde på med.

– Men det meste er kjekt på jobb, vi har så godt arbeidsmiljø, legg ho til.

Bli lærling

Mørenett har lang erfaring med lærlingar og tilbyr fagopplæring av høg standard. Mørenett tek inn lærlingar ved avdelingane i Herøy, Ålesund, Norddal og Vanylven. I 2018 er det 12 lærlingar i bedrifta.

Mørenett er nettselskapet for 65.000 kundar i 12 kommunar på Sunnmøre og delar av Nordfjord. Hovudkontoret ligg i Dragsund i Herøy, og selskapet har avdelingar i Ålesund, Vanylven og Norddal.

Mørenett sin visjon er: Vi samlar krafta på Møre.

Lærling i Mørenett

Mørenett har lang erfaring med å ta i mot lærlingar. Læretida består av både praktisk arbeid og skulegang. Som lærlig i Mørneett får du opplæring av høg standard og mange utfordringar i læretida. Når læretida er over vil du ha gode praktiske og teoretiske kunnskapar innanfor faget ditt.

Kontaktinfo:

Mørenett AS
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Telefon: 70 05 01 00
E-post: post@morenett.no
Nett: www.mørenett.no