Kreativt

Blomsterdekoratør - Verdas vakraste yrke

Er du ute etter eit yrke som er kreativt, inspirerande og vakkert? Då er eit skuleår på blomsterdekoratørlinja ved Ørsta vidaregåande skule noko for deg.

Ørsta vidaregåande skule er den einaste skulen i Møre og Romsdal som tilbyr faget Vg 2 Blomsterdekoratør.

Ein blomsterdekoratør arbeider med vakre blomster til mange ulike høve, som fødsel, bursdag, dåp, bryllaup og gravferd. Kompetansen til ein blomsterdekoratør kan også nyttast i større samanhengar, til dekor i bedrifter og ved store arrangement som har behov for blomster til rom-, scene- og borddekor.

Blomsterdekoratøryrket er eit skapande fag med lange tradisjonar. Ein blomsterdekoratør kan arbeide som butikkmedarbeidar, butikksjef, freelancer eller bruke kompetansen sin til tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper. Byggjer ein vidare på utdanninga si kan ein bli meister i faget.

I løpet av skuleåret er samarbeid med næringslivet, gjennom utplassering i faget Yrkesfagleg fordjuping, ein viktig del av utdanninga. Ein knyter kontakter i fagmiljøet og kan starte arbeidet med å sikre seg ein god læreplass til lærlingtida. 

Ørsta vidaregåande skule deltek i eit internasjonaliseringsprosjekt, og elevar ved blomsterdekoratørlinja kan søkje om å få eit opphald i Spania, der ein arbeider med faget i ein annan kultur.

Elevar kan også delta i Distriktsmeisterskap i blomsterdekorering. Deltaking i konkurranser gir faglege utfordringar og ny læring. Kanskje er det nettopp DU som i framtida kvalifiserer deg til å delta i eit Norgesmeisterskap i blomsterdekorering?

Blomsterdekoratøren hjelper ofte menneske med å tilføre dagen «det lisje ekstra». Ingen dagar er like, yrket er inspirerande og pulserande… derfor har ein blomsterdekoratør verdas vakraste yrke!

Ørsta vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane på Søre Sunnmøre med ca. 330 elevar fordelt på 6 program- område og med ca. 80 tilsette. Vi er ein vidaregåande skule med lange tradisjonar med yrkesfagleg opplæring.

Våre programområde:

Bygg- og anleggsteknikk

- VG1 Bygg og anlegg
- VG2 Byggteknikk

Design og handverk

- VG1 Design og handverk
- VG2 Blomsterdekoratør

Elektrofag

- VG1 Elektrofag
- VG2 Elenergi
- VG2 Automatisering
- VG3 Automatiseringsfaget

Helse- og oppvekstfag

- VG1 Helse- og oppvekstfag
- VG2 Helsefagarbeidar
- VG 2 Helseservicefag
- VG2 Barne- og ungdomsarbeidar

Restaurant- og matfag

- VG1 Restaurant- og matfag
- VG2 Kokk- og servitørfag

Teknikk og industriell produksjon

- VG1 Teknikk og industriell produksjon
- VG2 Køyretøy
- VG2 Arbeidsmaskiner
- VG2 Industriteknologi