Elektrofag

Ein aktiv og energisk arbeidsdag

Med ansvaret for eit straumnett med ei lengd som tilsvarar distansen mellom Florø i Sogn og Fjordane og Kairo i Egypt – og eit stadig veksande fibernett – har Sogn og Fjordane Energi hand om sjølve livsnerven som bind regionen saman.

Jens Gule (27) og Helene Hundeeide (22) fortel om spennande arbeidsdagar. Jens Gule er utdanna elkraftingeniør og har jobba som prosjektingeniør i SFE i fire år. Her jobbar han med noko han likar, det er variert og han får vere mykje ute.

AKTIV ARBEIDSDAG

– Eg får vere med i heile prosessen når SFE skal byggje nye kraftlinjer og det betyr at eg har mykje tid ute på anlegga. Å ha ein kontorjobb frå 8-16 passar ikkje meg. Eg er ein mann som elskar naturen og difor er ein kombinert kontor- og utejobb perfekt for meg. Jens valde å bli elkraftingeniør fordi han ønskte seg tilbake til Sogn og Fjordane etter studiane.

– Med denne utdanninga visste eg at mulegheitene for jobb var god her som utbyggingsaktiviteten innan ny fornybar energi var stor. Allereie sidan ungdomsskulen var det utsikter til jobb som styrte vala mine. Eg var freista til å ta idrettslinja på vidaregåande men ønsket om å ta kortaste veg til ein ingeniørutdanning gjorde at eg tok realfag. Det er eg glad for no.

ELEKTROLINJA

Helene Hundeeide, jobbar som energimontør i Sogn og Fjordane Energi etter å ha gjennomført læretida si i same bedrift. Etter å ha gått første året på elektrolinja og andre året på elenergi ved Eid vidaregåande skule, byrja Helene som lærling på montørbasen til SFE Nett på Nordfjordeid. No er ho energimontør på montørbasen i Vågsøy.

– På skulen opplevde eg at det var mykje enklare for meg å lære praktisk enn teoretisk. På same tid viste eg at det å vere inne i lengre periodar ikkje var noko for meg. Eg trivst best ute og eg likar å vere i aktivitet. Med dette i tankane var eit yrke som energimontør eit veldig godt alternativ for meg, fortel ho.

LUFTIG

Allereie som læring fekk ho ta del i ulike arbeidsoppgåver og ho trivst som fisken i vatnet både med å klatre i master, trekkinga av kablar og kopling i skap.

– Eg har fått ein spennande jobb, eg får reist litt rundt og prøve mykje forskjellig og eg får testa eigne grenser. I tillegg får eg vere mykje ute i naturen og det trivst eg godt med uansett vêr. Eg er nemleg alt for rastlaus til å jobbe inne på eit kontor, smiler ho.

DET ER I DISTRIKTA DET SKJER!

Noreg og resten av verda har miljø og berekraft høgt opp på agendaen, og det er ei viktig årsak til at SFE-konsernet er inne i ein periode med stor utbyggingsaktivitet på både når det gjeld nytt nett og nye vasskraftanlegg.

Sogn og Fjordane er ein av dei fremste regionane for ny fornybar energi I Noreg. Det er ikkje i byane, men her i distrikta at dei store utbyggingsprosjekta skjer framover. Dette stiller store krav til kompetansen vår, og gir høve for utfordringar og utvikling.

Sogn og Fjordane Energi (SFE) er eit av dei største energiselskapa på Vestlandet, og ei stor kompetansebedrift i Sogn og Fjordane.

Kunne du tenkje deg å jobbe med fornybar energi? I SFE produserer vi vasskraft, vi har ansvar for eit over 4000 km langt kraftnett og vi sel straum i heile Noreg.

I SFE-konsernet har du mange alternativ om du ønskjer å jobbe innan fornybar energi – ein sjanse til ei framtidsretta karriere, basert på rein kraft frå energifylket Sogn og Fjordane.

SFE har i dag 250 engasjerte og høgt kvalifiserte medarbeidarar innan eit mangfald av fagområde. Om lag ein tredjedel av våre medarbeidarar er ingeniørar med høgare teknisk utdanning, og like mange er fagarbeidarar som jobbar ute på drift og nybygg av tekniske anlegg.

Finn utfordrande stillingar innan m.a. bygging og drift av nett- og produksjonsanlegg, prosjektering, leiing, krafthandel, økonomi/finans, marknad, ikt, personal med meir på www.sfe.no

Sogn og Fjordane Energi
Sørstrandsvegen 227, 6823 Sandane
Telefon: 57 88 47 00
E-post: post@sfe.no
Nett: www.sfe.no