Studieforberedende/studiespesialisering

I hjartet av skapargledebygda

Ved Sykkylven vidaregåande skule møter du engasjerte, oppdaterte lærarar som vil elevane vel. Vi er ein velutstyrt skule med moderne naturfagsrom, robotar og ein omfattande maskinpark. Sykkylven vgs er ein skule i tida – og for framtida.

If you can dream it, you can do it 

– If you can dream it, you can do it, sa Walt Disney. Dette erfarer ein stor del av våre elevar gjennom Ungt entreprenørskap. Det å drive ei bedrift gjennom eit skuleår inneber både frustrasjon og hardt arbeid, men aller mest kjensla av meistring, teamarbeid og praktisk læring. Ungdomsbedrift er kjekt!

Utvikla eit brettspel

Lene, Andrea og Henriette starta saman med to andre elevar ungdomsbedrifta Bygdereisa UB.

– Det var veldig morosamt, det var noko anna enn å sitje bak pulten og høyre på læraren snakke. Vi får lære meir praktiske ting enn det vi vanlegvis gjer, vi får prøve oss på yrkeslivet og oppleve korleis det er å vere gründer, fortel Andrea. 

– Vi bestemte oss tidleg for å satse på ein lokal marknad og at innbyggjarane i Sykkylven skulle vere målgruppa vår, fortel Andrea.

– Vi fekk ideen om å lage eit brettspel der du kan reise rundt i bygda og lære om dei ulike plassane. Gjennom spørsmål og oppgavekort vil kunnskapane dine bli testa, fortel Henriette.

– Nettverksbygging har vore viktig, det er mykje som skal til for å få eit slikt produkt i hamn. Vi fekk kontakt med andre bedrifter som mellom anna driv med 3D-printing, klistermerker eller trykk. Gjennom Ungt entreprensørskap får ein innsikt i korleis samfunn og næringsliv faktisk fungerer og kva som skal til for å få det til, fortel Lene.

– Salet gjekk også over all forventing. Det har blitt tent ein liten gründergnist i meg, fortel Lene.

Henriette er enig: – Ja, eg har allereie undersøkt moglegheiter for masterstudie i entreprenørskap, så dette har gitt meirsmak, bekrefter Henriette.

Reis ut i verda

Har du reiselopper? Kvart år sender Sykkylven vgs fleire elevgrupper ut i verda for å jobbe med spanande prosjekt i lag med ungdommar frå andre land. Dei besøker også oss, og dermed får vi god tid til å knyte vennskapsband og skape minner for livet!

HUSET - vårt pusterom

HUSET er eit koseleg lite lokale i Sykkylven sentrum, der vi har flytta inn med ein ambisiøs visjon om å skape ein unik møteplass mellom skulen vår og bygda – samstundes får vi ein alternativ læringsarena for elevane ved skulen. 

HUSET rommar mykje. I fyrste etasje har vi ein liten butikk og kafè der vi sel produkt som ungdomsbedriftene ved skulen har laga. Vi har ope i skuletida, og elevar står bak disken og serverer dagens lunsj. I andre etasje, har vi eit møterom og mange ekstra bord. Her kan elevar samlast til sosialt samvær eller skulearbeid på kveldstid.

Sykkylven vidaregåande skule er ein kombinert skule med knappe 300 elevar. Stor nok til mangfald, men liten nok til eit inkluderande fellesskap på tvers av linjer og trinn. Skulen har utdanningsprogram innan studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknikk- og industriell produksjon, samt elektrofag. Vi har ambisjonar om at elevane skal utvikle seg både fagleg og sosialt medan dei går på Sykkylven vgs. Her er det rom for at alle er forskjellige og lærer på ulike måtar, men vi forventar at elevane bidrar positivt til eit godt lærings- og skulemiljø. Eit raust fellesskap gir godt klima for læring!

På ein liten skule som vår, er det rom for høg grad for elevmedverknad. Elevråd og Skulemiljøutval blir tatt med på råd, saman er vi krutt!

Kontaktinfo:

Sykkylven vidaregåande skule
Kyrkjevegen 6, 6230 Sykkylven
Telefon: (+47) 70 25 57 00
E-post: sykkylven.vgs@mrfylke.no
Nett: www.sykkylven.vgs.no