Elektrofag

Store på elektro og IKT

I Tussa kan du arbeide med framtidsretta teknologi innan fornybar energi, elektro, fiberutbygging eller IKT. Tussa er ei av dei største lærlingbedriftene i fylket på elektro, og tek også inn lærlingar i IKT-servicefag. 

Tussa har i dag over 200 tilsette som jobbar med mange ulike oppgåver. Tussa driv 21 vasskraftverk, er straumleverandør, satsar stort på fiberutbygging og IT-teknologi, og har ei av dei største installasjonsverksemdene på Sunnmøre. I tillegg kjem stillingar innan økonomi, administrasjon, marknadsføring og sal. Mangfaldet i Tussa er stort.

Artig på jobb

Fredrik Brandal er lærling i Tussa Installasjon. Han har alltid vore interessert i elektro, så val av retning på vidaregåande var enkelt. Vg1 elektrofag og vg2 elenergi tok han på Ulstein vidaregåande skule, før han fekk seg lærlingplass i Tussa.

- Eg fann fort ut at det var her eg ville søke. Eg var på utplassering her, og fekk arbeide med dyktige og kjekke folk. Det var artig å vere på jobb, fortel han.

Varierte dagar

Ein elektrikar har varierte arbeidsdagar, og som lærling får Fredrik delta i arbeidet på lik linje som dei fast tilsette.  

- Kva eg gjer i løpet av ei veke kan variere stort. Eg har arbeidd mykje med veglys, noko som eg likar veldig godt. Då er mykje av arbeidet å dra kablar, reise lysmaster og kople. Eg likar også godt å montere og kople sikringsskap og tavler, fortel han.

Spennande IT-satsing

Tussa tek også inn lærling i IKT-servicefag. Utbygginga av fiber til heimane på søre Sunnmøre går for fullt, og Tussa sine IT-produkt er også i vekst. I Ørsta har Tussa nytt og moderne datasenter, og leverer IT-tenester til bedrifter i heile Noreg.

Moglegheit for fast jobb

Høg aktivitet og mange nye prosjekt gjer at lærlingar er noko Tussa vil satse på også i åra framover. Læretida er ein viktig del av utdanningsløpet innanfor både IKT-fag og elektrofag, og det ønskjer Tussa å støtte. Med lærlingane følgjer også oppdatering i læreplanar og utvikling i faget, og det er ein god rekrutteringsmetode for å finne nye, dyktige medarbeidarar. Mange av dei som utmerkjer seg positivt i læretida har fått tilbod om fast jobb i Tussa. I Tussa jobbar det montørar, konsulentar, basar og prosjektleiarar som starta som lærlingar.

Tussa er eit leiande energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune og avdelingar i Ulstein, Herøy og Ålesund. 200 medarbeidarar jobbar i konsernet med oppgåver innanfor kraftutbygging, kraftsal, IKT, og installasjon.

Lærling i Tussa

Tussa tek inn lærlingar i elektrikarfag og IKT-servicefag ved avdelingane våre i Ørsta, Ulstein og Ålesund. Vi har lang erfaring med å ta i mot lærlingar, og lærlingane våre vert raskt integrert i arbeidsmiljøet. Du får opplæring av høg standard og mange utfordringar i læretida. Når læretida er over vil du ha gode praktiske og teoretiske kunn- skapar innanfor faget ditt. Du får løn i læretida. Kontakt oss for meir informasjon!

Tussa – med kraft til å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar

Kontaktinfo:
Tussa
Langemyra 6, 6150 Ørsta
Telefon: 70 04 62 00
E-post: firmapost@tussa.no
Nett: www.tussa.no
Facebook: facebook.com/tussa