Studieforberedende/studiespesialisering

- Å nei! Dagen er allereie over!

– Vil du vere elev og lære i eit godt læringsmiljø? Vil du vere trygg som menneske? Dersom du kan svare ja på desse to spørsmåla, så er Vestborg vidaregåande skule på Stranda på Sunnmøre eit veldig godt alternativ! 

«Å nei! Dagen er allereie over»

Slik skildrar Yrjan Stave Klokk, Sykkylven, det å være elev ved Vestborg vidaregåande skule på Stranda.

– Når kvelden kjem, tenker eg ofte: «Å nei! Dagen er allereie over». Eg stortrivest på Vestborg! Årsaka til det gode miljøet ved skulen trur eg kjem av dei kristne verdiane Vestborg byggjer på. Eg opplever fellesskapet og nestekjærleiken her veldig sterk. Ja, eg ser på elevane og personalet som min andre familie!

Sander Sørli, Måndalen, går i VG3 og er klassekamerat med Yrjan.

– Vestborg er en internatskule. Det tyder at ein kan bu på skulen, og at det i matsalen vert servert mat fire gonger dagleg. Fordelen med internatskule er at ein kjem mykje tettare på kvarandre enn på andre skular. Det gjer det lett å finne på ting i lag med venene sine. Å vere Vestborg-elev er rett og slett toppers!

En unik skole

Det unike ved skolen er kombinasjonen av kristne verdiar og internat. Yrjan og Sander legg også vekt på særtrekk ved Vestborg som skule.

– For det første så stiller lærarar opp på eiga fritid for å støtte oss med leksearbeid under studietid og leksehjelp på ettermiddagstid.

– For det andre så gjer det at vi bur på internat at vi elevar kan jobbe tett saman om skule- arbeidet – til dømes når vi skal øve til prøver.

– For det tredje så står klasseromma, der vi kan gjere skulearbeid, til disposisjon på ettermiddags- og kveldstid.

– For det fjerde er undervisninga strålande. Ein av de viktigaste faktorane for god læring er relasjonen mellom elev og lærer, og på Vestborg er denne relasjonen SÅ god! Både lærarane, og personalet elles, er som reserveforeldre for oss! seier dei to nøgde Vestborg-elevane.

Samhold

Det at Vestborg er ein internatskule gjer at elevane bur og et måltida sine på skulen. Denne fellesskapen gjer at elevane blir kjende med kvarande på ein nærare måte enn på andre skular. 

– Vi blir som ein heil familie, og i eit sånt miljø får vi vere oss sjølve. Vi opplevar at medelevar tar vare på kvarandre på ein heilt unik måte, seier Yrjan og Sander.

Ps! Ny idrettslinje med fokus på friluftsliv

Frå og med hausten 2018 startar ny idrettslinje med fokus på friluftsliv ved Vestborg vgs. Les meir på heimesida vår www.vestborg.no

Vestborg vidaregåande skule har rundt 90 elevar og ligg midt mellom dei vakre Sunnmørsalpane. Skulen har studieretningane studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. Vestborg tilbyr programfag innan:

- Realfag
- Språk
- Samfunnsfag og økonomi
- Breiddeidrett 

Fra og med hausten 2018 tilbyr skulen ny idrettslinje med fokus på friluftsliv. 

For dei som vil meir, så tilbyr skulen:

- Internasjonalt program med studietur til Tanzania
- KRIK-program med idretts- og friluftsaktivitetar med det fantastiske sunnmørslands- kapet som bakteppe.

Statens lånekasse for utdanning har gode lån- og stipendordningar for bortebuarar. Vestborg ønskjer å være ein heim der du kan trivast og utvikle deg positivt. Det er meir enn bare ein skule! Dei fleste av elevane våre bur på skulen, og internatlivet er noko for seg sjølv. Det kan være tryggare og betre å bu på internat enn å bu på hybel. Måltida vert serverte i matsalen, og tilsynspersonale er i miljøet òg etter skuletid.

Vestborg er en del av NLMvgs og er eid av Norsk Luthersk Misjons-samband.