Teknikk og Industriell produksjon

Mangfald i spennande industriklynge

Wergelandgruppa i Gulen kommune er eit familieeigd konsern med ein viktig visjon: Skape lønsame arbeidsplassar i distriktet.

I over 60 år har konsernet, ved å bygge stein på stein skapt eit mangfald av aktivitet som gjev økt verdiskaping for samfunnet. Konsernet er lokalisert i Gulen, Solund og Kvalsund kommune.

Leiande næringsaktør

I dag har konsernet aktivitet blant anna innan basedrift, betongindustri, industrihamn og miljøservice for offshore avfall. I tillegg driv selskapet med eigedomsutvikling og har rederi med fraktebåtar og kabelferje. I 2017 vart også Solund Verft AS innlemma i konsernet. Selskapet levera både nybygg og vedlikehald av skip. Som grunneigar på Gulen Industrihamn ynskjer vi å bidra til vekst i den industrielle klynga som har utvikla seg her rundt Fensfjorden.

Bli med og skap gode resultat!

Kompetente og engasjerte medarbeidarar i alle ledd er ein viktig faktor for å skape sunn vekst. Konsernet dekker i dag følgande fag:

* Skipsførar
* Maskinist
* Prosessoperatør
* El- og automasjon
* Kjemiingeniør
* Regnskap og økonomi
* Kran- og maskinfører
* Betongfag

Gode resultat blir skapt gjennom innsatsen kvar enkelt medarbeidar yter kvar for seg og i samspel med andre. Vil du bli ein av oss? Send oss ein søknad! Vi tilbyr ein spennande arbeidsplass med ei solid framtid!

Wergelandgruppa er eit konsern med hovudkontor i Gulen kommune.

Konsernet består av  morselskapet Wergeland Holding AS og seks dotterselskap:
* Wergeland Halsvik AS
* Wergeland Base AS
* Wergeland AS
* Wergeland Safeport AS
* Solund Verft AS
* Repparfjord Eigedom AS

Wergeland konsernet er aktiv deleigar i fleire selskap deriblant Finnmark Gjenvinning AS, SF Gass AS og Sløvåg Næringsbygg AS. Konsernet er med sine rundt 140 tilsette det største industriselskapet i Gulen Kommune. Konsernet har stor variasjon i aktivitetar, dei kan i hovudsak delast i følgjande greiner:

* Base
* Betong
* Pukk og grus
* Offshore avfall
* Maritime aktivitetar
* Vedlikehald og inspeksjon
* Skipsverft

Kontakt:
Wergeland Holding AS
Gulafjordvegen 75, 5960 Dalsøyra
Telefon: (+47) 57 78 18 00
E-post: e-mail@wergeland.com
Nettside: www.wergeland.com